Gå til hovedinnhold

Oppvekstområde


HI 035429

Ny tare og yngel

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Oppvekstområde er område og habitat som er viktige for at fisk skal overleve i perioden før dei rekrutterer til den vaksne bestanden som kan fiskast.

Mange fisk i kystsonene gyt egg som vil sveve fritt i vassmassane mens dei utviklar seg til å bli ein fiskelarve. For nokre av artene med små egg, er egg- og larvefasen unnagjort i løpet av 6–8 veker avhengig av temperatur, mens for andre vil egg- og larvefasen strekke seg over mange veker og månader. I denne perioden vil egga vere utsette for straumar i sjøen og vil kunne fraktast lange avstandar. Inne i fjordar og skjerma område ser vi likevel at mange egg og larver blir haldne tilbake i området der dei er gytt. Etter fullført egg- og larvefase i dei frie vassmassane, svømmer yngelen mot botnen for å finne eigna oppvekstområde. Då sier vi at yngelen “botnslår”.

Mange av dei marine artene i kystsona er porsjonsgytarar som betyr at dei gyt egga sine over ein lengre periode, gjerne 4–6 veker. Dette betyr at ulike følsame stadium av egg og larvar vil vere til stades i ein lang periode. Mange fisk er også fleksible på kor tid på året hovuddelen av gytinga føregår. Dette kan vere temperaturavhengig og kan dermed variere med varme og kalde år. Ulike arter har også ulik preferanse på når de vel å gyte. Varmekjære arter som for eksempel leppefisk, vil ha gytetid nærmare sommaren, mens torskefisk gyter tidlegare på våren. For torskefiskane har Havforskingsinstituttet ofte anbefalt å vise varsemd i perioden januar til juni.

Vi ser at ulike arter av fisk botnslår seg på ulike naturtypar. Flatfiskyngelen trekker mot sand- og mudderbotn som både gir dei vern og mat. Yngel av torskefisk har ein tydeleg preferanse for ålegrasenger eller botn med ulike typar tang og tare, der ålegrasenger manglar. Oppvekstområde er i liten grad kartlagt, og i databasane finst hovudsakleg oversikt over ålegrasenger eller tareskog, da desse er definerte som eigen naturtype. 

Gruntvassområde med blanda tangsamfunn er også viktige oppvekstområde for fiskeyngel. Det er derfor viktig at grunne og dermed moglege oppvekstområde blir kartlagde i samband med planprosessar for saker i sjø, for å undersøke om der er t.d. blanda tangsamfunn i områda.

Det bør òg nemnast at blautbotnområde kan spele ei viktig rolle som beiteområde for marin yngel i fjordane, særleg i vintersesong og tidleg vår. I denne perioden utgjer børstemarkane ein svært viktig del av næringa til både mindre torsk, sei, lyr og sjøaure, og flyndrefiskane.