Mange marine fisk har pelagiske egg som blir slopne og flyt fritt i vassmassane på gytefelta (f.eks. torsk), mens hos nokre arter blir egga limt fast til vegetasjon eller stein og grus på botnen (f.eks. sild). Ofte er dei kystnære gytefelta lokaliserte til tersklar og grunner i nærleiken av større vassvolum som gir gode og stabile forhold for fiskeegg og -larver i første fase av livet. Aktive gytefelt er eit resultat av artens evolusjonære historie på den måten at her har gytinga med påfølgande overleving av egg, larver og yngel vore vellykka.
Eit gytefelt kan ha ei rekke eigenskapar slik som spesiell botntopografi, basseng og tersklar. Nokre arter liker å gyte nær bestemte botntyper eller i bestemte habitat. Også spesielle straumforhold kan vere viktig. Fisk som har gytt på stader der avkommet er tatt med straumen til ufordelaktige stader, har ikkje overlevd i særleg grad, og slike gyteområde vil derfor fisk slutte å bruke. Gytefelt kan derimot naturleg ligge på stader der dei pelagiske egga og larvene driv til område det vil vere fordelaktig for avkommet å vekse opp. Mange arter i kystsona gyt òg på stader der egg og larver blir haldne tilbake av straumane slik at avkommet veks opp i nærleiken av gyteområda. Slike område kallar vi retensjonsområde.
Gytefelt der avkom ikkje blir blanda med avkom frå andre gytefelt, kan bidra til å etablere genetiske forskjellar og gi grunnlag for lokale bestandar av fisk. Dette er påvist for blant anna sild og torsk. Ofte vil fisk opphalde seg i et større område utanom gytesesongen, for så å svømme tilbake til gytefelta i gytetida. Da er det også viktig at den gytemodne fisken kan svømme til gytefeltet utan å møte hindringar eller blir skremt.
Under prosjektet Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtypar, blei gytefelt for stasjonære bestandar av kysttorsk kartlagt, og dette kartlaget er registrert på Fiskeridirektoratet sine kartsider som «Gytefelt torsk MB». Dette kartlaget omfattar ikkje gytefelt for vandrande bestandar slik som skrei. Gytefelt for skrei og andre fiskebestandar i ytre deler av kysten og i havområda finst under kartlaget «Gyteområder forskjellige arter». Kartlegginga av gytefelt for kysttorsk er forklart i Espeland mfl. (2013). Meir detaljert om gyting og tidlege livsstadium er òg skildra for kysttorsken av Karlsen og van der Meeren (2013).
Kartlaget «Gyteområder» på Fiskeridirektoratet sine kartsider er basert på intervju med fiskarar og andre lokalkjente, men dekker fleire arter enn berre torsk. Dette kartlaget vil for mange arter vere best tilgjengeleg kunnskap, men kan mangle arter og bestandar som i mindre grad blir fiska på.
Ulike arter gyt på forskjellige tidspunkt og over forskjellige tidsperiodar. Munk og Nielsens bok «Eggs and larvae of North Sea Fishes» frå 2005 (side 200–201) kan brukast som ei retningslinje for når ulike fiskearter gyt på norskekysten. Generelt vil fisk ofte gyte tidlegare i sør og seinare i nord. Toppunktet i gytinga vil kunne variere frå år til år, avhengig av temperaturen. Kalde vintrar kan gi seinare gyting enn varme vintrar. Tida det tar for klekking av egga og varigheita av larvestadia vil også variere med temperaturen, og kan for egg auke frå veker ved 6–8 °C til over ein månad ved så lave sjøtemperaturar som 2 til 3 °C.
Rekruttering av fisk i sjøen kan vere svært variabel. Mange arter har høg naturleg dødelegheit i tidlege livsstadium, men gyt til gjengjeld store mengder egg i porsjoner over en lengre periode (1–2 månader). Individ i ein gytepopulasjon kan starte gytinga til ulike tidspunkt, og grupper av fisk kan komme til gytefeltet på ulike tidspunkt. Gytinga på ein lokalitet kan derfor vare over ein periode på 2–3 månader eller lengre. På den måten kan fisken ha mykje tilgjengeleg avkom når miljø- og matforholda ligg til rette for god overleving av avkommet.
Fleire ulike plansaker vil kunne ha både midlertidig og permanente effektar på gyting hos fisk. Sprenging kan både skremme fisk og endre havbotnen slik at den blir mindre attraktiv for gytande fisk. Utslepp kan både gjere område mindre attraktive for gytande fisk og redusere overlevelsen til yngelen. For fleire plansaker vil det vere viktig å ikkje berre vurdere plansaker som er innanfor gytefeltet, men også plansaker som kan gi effektar gjennom spreiing av partiklar, støy, m.m. inn i eit gytefelt. Eit fungerande gytefelt vil også vere avhengig av gode oppvekstområde i nærleiken, og det vil derfor ofte vere nødvendig å vurdere effekten av plansaker i eit større og til dels regionalt perspektiv.
For midlertidig belastning kan det vere mindre problematisk om plansaker blir gjennomførte utanfor gytesesongen. Havforskingsinstituttet rår ofte til at plansaker i størst mogleg grad blir lagt utanfor fisken sin gyteperiode slik at dei direkte effektane blir minst mogleg.
Publisert: 06.09.2021 Oppdatert: 13.11.2024