Gå til hovedinnhold

Norsk marint datasenter (NMD)


svaberg, fjord og ein liten båt

Morgonstemning i Grimstad. Foto: Øystein Paulsen

Norsk marint datasenter (NMD) ved Havforskingsinstituttet er oppretta for å vere eit nasjonalt datasenter for profesjonell handtering av marine miljø- og fiskedata og for framstilling av dataprodukt. NMD opprettheld den største samlinga av marine miljø- og fiskedata i Noreg.

Gruppa sine hovudoppgåver er å:

  • samle, kvalitetssikre og lagre alle marine miljø- og fiskedata
  • gjere data tilgjengeleg for forsking

Satsingsområde

Oppgåver ved Norsk Marint Datasenter (NMD) kan delast inn i tre aktivitetsområde:
operasjonell datahandtering, framstilling av dataprodukt og datalagring.

Operasjonell datahandtering

  • operasjonelle forskingsdata
  • kontinuerlige data/tidsseriar
  • kringinformasjon (informasjon om tokt)
  • programvareutvikling

Framstilling av dataprodukt

  • referansedata (kringinformasjon)
  • utarbeide nasjonale og internasjonale standardar og retningslinjer
  • delta i internasjonale nettverk og forskingsprosjekt
  • Norge digitalt

Datalagring

  • legg til rette for, kvalitetssikre og gjennomarbeide forskingsdata
  • legge inn data i instituttet sin forskingsdatabase TINDOR
  • datautlevering
  • funksjon som datasenter

Mål

Norsk marint datasenter (NMD) skal byggast opp til å bli eit operasjonelt service- og kompetansesenter for profesjonell handtering av marine data og dataprodukt.

NMD skal:

  • framskaffe og visualisere dataprodukt for norsk havforsking og deira internasjonale samarbeidspartnarar
  • vidareutvikle effektive og sikre rutinar for lagring, kvalitetssikring, søk og formidling av marine data
  • vere eit knutepunkt for søk etter marin datainformasjon