Deltagere
- ForskerØivind Strand
- ForskerArne Duinker
- ForskerTore Strohmeier
- ForskerAntonio Aguera Garcia
- ForskerTanja Kögel
- ForskerØivind Bergh
- SeniorrådgiverAnita Jacobsen
- ForskningssjefHenning Wehde
- SeksjonssjefHelge Sagen
Periode | 01. januar 2023 - 01. januar 2027 |
---|---|
Finansiert av | EU |
Partnere | Havforskningsinstituttet, Alfred Wegener Institute Helmholtz Centre for Polar and Marine Research, Danmarks Meteorologiske Institut, Aarhus Universitet, Global Climate Forum EV, Helmholtz-Zentrum Hereon, Maritime Robotics AS, Vattenfall Europe Windkraft AS, Kattegatcentrets Driftsfond, Skarv Technologies AS, SINTEF Ocean AS, WindMW GmbH, Kerteminde Seafarm Aps, Lerøy Seafood Group ASA, RedStorm OÜ, Tartu Ulikool, Danmarks Tekniske Universitet, Ösel Aquafarm OÜ, Köbenhavns Universitet, Stiftelsen Voice of the Ocean, ETT Spa, Klaipedos Universitetas, EATiP, Nordfriesische Seemuschel GmbH, Wyk 8 Muschelfischereibetrieb GmbH |
Prosjektet ledes av | Havforskningsinstituttet |
Nettside | olamur.eu |
Havforskingsinstituttet leiar prosjektet som har ei samla finansiering på 8,2 millionar euro over fire år.
OLAMUR står for Offshore Low-trophic Aquaculture in Multi-Use scenario Realisation.
Det er eit såkalla fyrtårn-prosjekt som skal vise konkrete, berekraftige løysingar i nye industriar. I dette tilfellet: Korleis slå saman produksjon av energi, berekraftig mat og kanskje samtidig gi tenester til naturen og økosystemet?
Havvindparkar legg beslag på store areal. Derfor vil det være fornuftig å finne gode måtar for fleirbruk av desse områda.
I OLAMUR skal forskarane etablere tre pilotanlegg for å dyrke tare og blåskjel i eksisterande vindparkar, og også ved eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure.
Vindparkane er utanfor Helgoland og aust for Danmark i Kattegat. Oppdrettsanlegget er utanfor Estland. Alle ligg i farvatn som er næringsrike på grunn av avrenning og befolkningstettleik.
Forskarane skal sjå på tekniske løysingar, følge kvaliteten på produkta, men også sjå på andre sider som kan få fortgang på fleirbruk av vindparkar, slik som regelverk og formalitetar.
Målet er at pilotanlegga skal være læring for både industri og myndigheiter.
Ettersom det likevel ikkje går føre seg fiske i vindparkar, kan ein sjå på dei som reservat. Gjennom OLAMUR skal forskarane også sjå kva som skjer om dei lagar kunstige rev der.
Kan dei vere fine leveområde for enkelte artar, eller eigne økosystem? Hummarreservat har for eksempel vist seg å vere effektive "fødestover" som kan bidra til hummarbestanden, også utanfor sjølve reservatet.
Det kan også vere negative sider som forskarane vil undersøke. Som for eksempel mogleg spreiing av framande artar.
Publisert: 14.02.2023 Oppdatert: 27.10.2023