Gå til hovedinnhold

Ny forsking skal gi meir, tryggare og reinare sjømat


sjomat kollasj

Laks fôra med nye ressursar, mesopelagisk fisk og blåskjel kan bli viktige innslag på middagsborda i framtida.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen og Helge Skodvin / Havforskningsinstituttet

I ei ny storsatsing skal havforskarar finne ut korleis vi kan få meir mat frå fjord til fat – med tryggleik for både helse og miljø.

Vi blir stadig fleire, og vi treng meir mat. Men jorda blir ikkje større. Forskarar er difor einige om at vi bør ta meir av havets spiskammers i bruk – inkludert artar som tang, tare, skjel og småfisk.

Men kva får vi eigentleg i oss når vi et slike uvande artar? Og korleis vil det påverke miljøet å hauste eller dyrke dei i større skala?

Slike spørsmål har så langt stått i vegen for den store sjømatrevolusjonen. Eit nytt femårig forskingsprosjekt ved Havforskingsinstituttet skal bidra med svar.

Ned i havet og næringskjeda

– Havet står for halvparten av verdas biologiske produksjon, men i dag bidrar mat frå havet berre med 2 prosent av det daglege kaloriinntaket per innbyggjar. Her ligg det eit stort, ubrukt potensial, forklarer forskar og prosjektleiar Antony Philip.

Saman med forskarkollega Nina Liland peikar han på at størstedelen av det vi i dag haustar og dyrkar i havet er frå toppsjiktet av næringskjeda.

– Vi et fiske-etande fisk, som torsk, sei og laks. Men dette er avgrensa ressursar. Det store potensialet ligg lenger nede i næringskjeda, seier Liland.

Sukkertare
Sukkertare. Fotograf: Erling Svensen

Nedst i næringskjeda er havets primærprodusentar, algar. Eitt hakk opp finn vi blant anna blåskjel, børstemark og ulike alge-etande småfisk.

Det er slike artar sjømatprosjektet skal kartlegge potensialet av – både som fôr til fisk og som mat til menneske.

– Vi vil auke kunnskapen om heile produksjonskjeda frå hav til fat innan helse, mattryggleik og moglege miljøeffektar, seier Liland.

Grønare og blåare mat

Prosjektet involverer ei rekkje forskingsgrupper ved HI og samarbeid med fôr- og sjømatbedrifter. Eit viktig spor i forskinga vil vere å finne ut korleis dei «nye» artane frå havet eignar seg som laksefôr – og om dei for eksempel kan erstatte langreist soya frå Brasil.

Dermed vil dei kunne gjere norsk oppdrettslaks til eit meir klima- og miljøvenleg produkt.

Men det ligg lenger fram. Først må forskarane kartlegge kva som finst av ulike næringsstoff, smittestoff og miljøgifter i dei ulike artane, kor mykje fisken tar opp av desse stoffa, korleis dei påverkar veksten og velferda til fisken, og kor mykje som blir overført frå fôr til filet. Blant anna.

Fôr til oppdrettslaks.
Kva som er i fôret til oppdrettslaksen påverkar både fiskehelsa og næringsinnhaldet i sluttproduktet. Fotograf: Eivind Senneset

Til slutt vil forskarane legge fram ein livssyklusanalyse av miljøeffektane av oppdrettslaks produsert med ulike typar fôr. I tillegg til annan handfast kunnskap om korleis ressursar frå havet kan mette fleire munnar i framtida.

– For å utnytte potensialet som finst nedover i næringskjeda i havet, er det nødvendig å ha vitskapleg dokumentasjon som grunnlag for avgjerder om forvalting og bruk. Dette prosjektet vil bidra til at vi kan bruke nye marine ressursar som mat eller fôr på en berekraftig måte, oppsummerer prosjektleiar Antony Philip. 

 

Les meir om forskingsprosjektet her:

C:\Users\a23389\Pictures\sis-seafood-feed.png

Sjømat og fôrressurser – fjord til fat

Bruk av lavtrofiske marine ressurser (som makroalger, skjell og algeetende fisk) og mesopelagiske organismer. Dette prosjektet vil bidra med å generere kunnskap som er nødvendig for å kunne utnytte slike nye marine ressurser som mat eller fôr på en bærekraftig måte.