Gå til hovedinnhold

– No fossar vi framover


smilende mann i støvler vasser i sjøen

Fossar framover: Nils Gunnar ser fram mot eit nytt, spennande havforskingsår. 

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Eitt år ut i åremålet kan Nils Gunnar Kvamstø konstatera at han ikkje tok seg vatn over hovudet då han takka ja til stillinga som havforskingsdirektør. Men travelt, det har det vore. 

– Læringskurva har vore veldig bratt, og eg har måtta justera ambisjonsnivået mitt fleire gonger. Året har ikkje vore utan humpar i vegen. Det har blitt mindre fordjuping og meir turbolæring enn eg såg for meg, seier Nils Gunnar. 

Det store biletet

Læretida er ikkje heilt over, men havforskingsdirektøren kjenner seg likevel trygg på éi sak: 

– Havforskingsinstituttet spelar ei heilt sentral rolle for å løysa dei utfordringane vi som samfunn står framom. Forskinga vår har ein unik fagleg breidde, ein tidshorisont få andre kan oppvisa og er av høg kvalitet. Det gjer at vi leverer ein totalitet – ikkje berre brotstykke av kunnskap. Denne heilskapen er heilt avgjerande når vi skal måla ut det store biletet av framtidas hav.  

Frå fjord til bord

Havforskingsdirektøren er oppteken av å staka ut kursen, men veit også å setja pris på den daglege innsatsen til over 1000 dedikerte HI-arar. 

Klimaendringar, kystforsking, havvind, berekraftig fiskefôr og mikronæringsstoff er viktige stikkord i det nye havforskingsåret. 

Les også_ Dette satsar HI på i 2023

– På HI jobbar vi frå fjord til bord. Det gir eit heilt eige overblikk over korleis det står til med dei marine økosystema våre. Så engasjerer instituttet seg i stadig fleire samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Eg er ein varm tilhengjar av å dela kunnskap og kompetanse. God delingskultur gjev meirverdi til institusjonane og ikkje minst til samfunnet vi tener. 

HI skal leie stort EU-prosjekt om å dyrke blåskjel og tare i havvindparkar

montasje med båter vindmøller og anlegg
Mye spennende på menyen: Kyst, havvind, fôr, klima og mikronæringsstoff er stikkord for 2023. Montasje: HI 

Satsar på samarbeid 

Sjølv starta Nils Gunnar året med å bli blitt utnemnt av Klima- og miljødepartementet (Norge) til å sitja i styret til Meteorologisk institutt. 

Det passar ein gamal vêr-nerd utmerka. For i tillegg til å styre HI-skuta er Nils Gunnar også professor i meteorologi. 

– Eg syns sjølvsagt at fagområdet til Meteorologisk institutt er veldig spennande. Vi har allereie eit godt samarbeid, men potensialet for meir kunnskapsdeling og utviklingsarbeid er stort, seier Nils Gunnar – og trekk fram viktige tema som modellkøyring og datadeling.