Publisert: 16.06.2023
Havforskingsinstituttet (HI) får til saman nær 109 millionar kroner frå Hav-programmet til Forskingsrådet.
Eit stort, tverrfagleg satsingsprosjekt på lakselus får heile 45 millioner kroner.
I tillegg får fire nye, unge forskartalent midlar frå potten – og HI har tre framragande forskingsprosjekt som no kan starta opp.
I programmet Muliggjørende teknologier drypp det også inn nesten 15 millionar kroner.
Forsker | Prosjekttittel | Tema | Søkt beløp |
Kai Kristoffer Lie | Does feed-borne exposure to emerging mycotoxins during the freshwater phase affect salmon growth and performance later in life? - MYTOXA | Hav | Kr 11 991 000 |
Michael Breen | Welfare conscious capture and slaughter of Atlantic bluefin tuna (Thunnus thynnus L.) in the Norwegian rod and line fishery. | Hav | Kr 10 000 000 |
Caroline Durif | Characterizing the migratory strategies of Atlantic lumpfish to improve stock assessment of this commercially important species | Hav | Kr 9 994 000 |
Maud Alix | Anthropogenic impacts of climate change and fisheries on reproductive and offspring performance of high-latitude marine fishes | Hav | Kr 8 000 000 |
Karine Gagnon | Biodiversity in Northern European Seagrass meadows – drivers, responses, and resilience | Hav | Kr 8 000 000 |
Florian Berg | Assessing spatiotemporal dynamics in HERring POPulation Structure under climate change | Hav | Kr 8 000 000 |
Brian Stock | Kinship-based assessment of Norwegian coastal cod to determine sustainable harvest levels and protect genetic diversity in fisheries | Hav | Kr 7 989 000 |
Ørjan Karlsen | The Hidden Toll of Lice | Stort, tverrfaglig Forskerprosjekt |
Kr 45 000 000 |
Lene Kleppe | Accelerated genetic improvement of key traits in farmed Atlantic salmon via transplantation of in vitro propagated germline stem cells | Muliggjørende teknologier | Kr 14 997 000 |
Tildelinga får naturleg nok fram godsmilet hos havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. Den spontane responsen er fenomenalt.
– Her hevdar Havforskingsinstituttet seg i ein tøff konkurranse. Eg veit kor gode folk vi har, men det er også veldig stas å få det stadfesta. Den solide utteljinga viser at forskinga vår er relevant, held høgt nivå og er etterspurd for å løysa fleire av dei store utfordringane samfunnet står overfor.
Nils Gunnar Kvamstø peikar på at dei nye prosjekta også gjer det mogeleg for HI å rekruttera unge forskarar.
– Forskinga vi no skal i gang med opnar for stipendiatar og post-doc-stillingar som vi elles kanskje ikkje hadde hatt rom for. Det er særs gledeleg, seier han.
Den største summen var det altså Ørjan Karlsen som sikra seg, og han gler seg til å starta på prosjektet.
– Eg er kjempefornøgd med å få moglegheita, saman med nasjonale og internasjonale kolleger, til å studere effektane lakselus har på villaksen.
Karlsen og co. skal både ut i felt og inn på labben.
– Gjennom ein serie med forsøk både ute i naturen og inne på laboratoria, kombinert med ein analyse av tidsseriar, så ser vi for oss å kunne gje heilt ny informasjon om den samla belastinga lakselus har på villaks.