Gå til hovedinnhold

Andre utslepp til sjø som kjemikaliar, tunellvaskevatn eller liknande


en hånd som holder et lite rør med vann i

Illustrasjonsfoto som viser vassprøve.

Fotograf: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskingsinstituttet

Utslepp av kjemikaliar frå industri, avrenning ved vasking av tunellar, vasking av marine installasjonar eller liknande til sjø vil kunne skade marint liv i nærliggande habitat.

Skadeomfanget vil vere veldig avhengig av kva for stoff som blir sleppte ut, mengde som blir sleppt ut og over kva for tidsperiode. Kjemikaliar som blir sleppte ut kan òg lagrast i marin fauna slik at for eksempel gytande fisk på eit seinare tidspunkt vil kunne bli påverka.

Kjemikaliar bør kunne brytast raskt ned til ufarlege forbindelsar. Dei bør ikkje vere spesielt giftige for organismar som lever i vatn. Kjemikaliar og deira nedbrytingsprodukt må kunne sporast og analyserast kvantitativt i miljøet.