Ofte vil naturtypar i område som blir fylte ut, bli permanent øydelagde. Kor omfattande dei permanente konsekvensane av ei utfylling vil vere, er avhengig av kor stor del av naturtypen som vil bli øydelagd gjennom tiltaket. Her vil det òg vere viktig å sjå eit større område i samanheng enn berre naturtypen på staden. Dersom utfyllinga for eksempel vil halvere den einaste ålegrasenga som ligg i tilknyting til eit gytefelt utanfor tiltaksområdet, vil det kunne ha store konsekvensar. På den andre sida vil ikkje nødvendigvis utfylling av ein heil ålegraseng vere like øydeleggjande om det finst mange viktige ålegrasenger i nærleiken.
Det vil kunne vere midlertidige effektar i områda rundt ei utfylling, særleg i anleggsperioden. Desse effektane vil vere avhengige av massane som blir deponerte til sjø, både med omsyn til størrelse og innhald. Finpartikulært materiale kan lett bli spreidd i eit større område og føre til nedslamming. Bruk av siltduk kan redusere dette noko, men dei minste partiklane vil ikkje bli stoppa av ein slik duk. Kaier omfattar gjerne utfyllingar med sprengstein, mens det må brukast større blokker til moloar. Plansaker knytta til kaier og moloar kan også innebere undervassprengingar, og avbøtande tiltak må gjennomførast deretter.
Ofte vil målet med bygging av moloar og liknande vere å skape lune hamner som ikkje er utsette for straum og bevegelse. Ved bygging av lange moloar vil dette kunne endre straummønsteret permanent i eit område. Straumen vil kunne påverke korleis eit gyteområde fungerer gjennom spreiing av fiskeegg og der partiklar i vatnet blir sedimentert. I strandsona vil både område med skjelsand og blautbotn vere avhengige av bestemte straummønster for å oppretthaldast. Endring av straum og bevegelse av vatnet kan også forandre samansettinga av algar på grunt vatn innafor moloar og kaier, og dermed oppvekstforholda for fiskeyngelen.
I anleggsfasen ved slike utfyllingar i sjø vil det kunne vere midlertidige effektar gjennom utslepp av kjemikaliar, utslepp av tungmetall og spreiing av finstoff.
Hessen D. (1988) Biologiske effekter av partikler i vann. Limnos 3/88
Page M. (2014) Effects of total suspended solids on marine fish: Pelagic, demersal and bottom fish species avoidance of TSS on the Chatham Rise. Prepared for Chatham Rock Phosphate. NIWA rapport WLG 2014-7. National Institute of Water & Atmospheric Research Ltd, New Zealand. https://www.epa.govt.nz/assets/FileAPI/proposal/EEZ000006/Applicants-proposal-documents/5f52d0848a/EEZ000006-Appendix28-Page-2014b-TSS-and-Fish.pdf
Page M. (2014) Effects of total suspended solids on marine fish: Eggs and larvae on the Chatham Rise. Prepared for Chatham Rock Phosphate Ltd. NIWA rapport WLG 2012-61. National Institute of Water & Atmospheric Research Ltd, New Zealand. https://www.epa.govt.nz/assets/FileAPI/proposal/EEZ000006/Applicants-proposal-documents/f2819f56f0/EEZ000006-Appendix27-Page-2014a-TSS-Eggs-and-Larvae.pdf
Reinardy, H.C., Pedersen, K.B., Nahrgang, J., & Frantzen, M. (2019). Effects of mine tailings exposure on early life stages of Atlantic cod. Environmental Toxicology and Chemistry 38: 1446–1454. https://doi.org/10.1002/etc.4415
Winther-Larsen, T. (2013). Siltgardiner. Funksjon, tilpassing og oppfølging. Statens Vegvesens Rapporter nr. 205. 35 s. https://www.vegvesen.no/Fag/Publikasjoner/Publikasjoner/Statens+vegvesens+rapporter/_attachment/446565?_ts=13d44c902e8&fast_title=SVVrapport+205+Siktgardiner.pdf
Publisert: 06.09.2021 Oppdatert: 19.11.2024