Ferskvatn er mykje lettare enn sjøvatn, og dette fører til god oppdrift av ferskvatn frå eit neddykka avløp i sjø. Det har vorte observert at avløpsvatn frå fiskeindustri på land har nådd overflata frå 70 meters djup. Fordelen med neddykka avløp er at vassmassane i sjøen over avløpet vil bli godt gjennomblanda.
Negative effektar vil vere at fiskelarver kan bli løfta raskt til overflata. For fiskelarver med lukka svømmeblære (for eksempel hos torskefisk) vil dette føre til ei rask utviding av svømmeblæra med påfølgjande død som resultat. Heving av meir næringsrikt vatn frå djupare vasslag vil òg ha ein gjødslingseffekt med økt algevekst som resultat.
Det er store mengder vatn som kontinuerleg vil løftast frå eit neddykka ferskvassavløp. Skjer dette i eit gyte- og larveområde, kan ein betydeleg del av fiskelarvene bli påverka, avhengig av topografien på botnen, mengde ferskvatn og størrelsen på gyte- og larveområdet.
Neddykking av ferskvassavløp vil kunne vere øydeleggande for område med naturleg lavt oksygeninnhald. Når ferskvatn kontinuerleg blir løfta frå djupare område, vil dette føre til større omrøring og tilførsel av oksygen i djupare område, som igjen vil påverke artssamansetningen.
Publisert: 06.09.2021 Oppdatert: 19.11.2024