Samfunnsoppdraget til NIFES seier at vi skal ha som mål å få ei sunnare befolkning. Sjømat, supermaten frå havet, er ei unik kjelde til mikronæringsstoff, som jod, vitamin D og marint omega-3. Ei veksande befolkning treng ikkje berre nok mat, men riktig mat som er både sunn og trygg.