07.04.2020
To tokt for å kartlegge geologi, biologi og kjemi og eit eige tokt for å kartlegge djupneforhold er nokre av aktivitetane som skal gjennomførast gjennom botnkartleggingsprogrammet Mareano i løpet av året. Det fyrste toktet er i startgropa, men krev tilpassingar på grunn av korona-viruset.