Forskinga vår bidreg til auka kunnskap om sjømat og miljø gjennom overvaking av sjømat og kartlegging av førekomst og effektar av forureining i havet. Vi er spesielt opptatte av korleis klimaendringane påverkar havets helse.
Vi kartlegg og overvaker uønska stoff i sjømaten inkludert førekomst og effektar av forureining i norske kyst- og havområde. Metodeutvikling og overvaking av mikro- og nanoplast inkludert nanopartikler er eit prioritert område for oss. Vi jobbar også med matsikkerheit i global samanheng med deltaking i fleire internasjonale prosjekt. Vår overvaking og forsking gir grunnlag for å kunne gje råd til myndigheitene, ulike næringar og allmenta om trygg sjømat, matsikkerheit og miljøtilstand knytt til aktivitetar langs kysten og til havs.

Gruppa vår består av 30 forskarar og stipendiatar med ekspertise innan mikrobiologi, ernæring, bioinformatikk, økotoksikologi, miljøkjemi, analytisk kjemi, marin økologi og parasittologi.
Eksempel på kva forskingsgruppe «FRES» arbeider med:
- Overvake geografisk og tidsmessig utvikling i førekomsten av framandstoff, parasitter og bakteriar, utslepp frå petroleumsindustri og radioaktiv forureining i norske hav- og kystområde
- Kartleggje framandstoff i sjøvatn, sediment og marin fauna
- Dokumentere omfanget av antibiotikaresistens i havet
- Kartleggje nye marine ressursar som mat, slik som tang og tare, stillehavsøsters og mesopelagiske arter
- Studere mikrobiell økologi og påverknad av framandstoff i det marine miljø
- Matsikkerheit i eit globalt perspektiv med hovudfokus på næringsstoff
- Kartleggje mikroplast i marint miljø og biota
- Metodeutvikling og analyser av både kjente og ukjente framandstoff inkludert mikro- og nanoplast samt andre nanopartikler i sjømat og marint miljø